Reiseinfomasjon

Den inste halvdelen av Sognefjorden ligg sentralt plassert i Sør Norge, ved grensa mellom aust- og vestlandet. I tidlegare tider var fjorden nesten den einaste ferdselsåra for dei som ville komme hit, men etter kvart har moderne veganlegg gjort det lett å komme til området frå alle kantar av landet. Dersom ein i dag vel dei kortaste rutene til fjorden, tek det t.d. berre 2-3 timar å køyre frå Bergen, 4-5 timar frå Oslo og 5-6 timar frå Trondheim.

Korleis komme hit

Heile året har moderne ekspressbåtar daglege avgangar frå Bergen sentrum til Sogndal. På turen innover Sognefjorden er desse båtane innom både Vik, Balestrand og Leikanger. Frå 1.mai til 30.september går det også dagleg ekspressbåt frå Bergen og heilt inn til Flåm. Denne båten har i tillegg korrespondanse midtfjords med ferjer til Gudvangen, Kaupanger og Lærdal. Rutetabell Bergen - Flåm.

Fleire gonger dagleg korresponderer tog frå/til Bergen og Oslo med den bratte og spennande Flåmsbana, som går frå Myrdal stasjon oppe på fjellet, og heilt ned til Flåm stasjon ved fjorden. For å bestille togbillettar, ring (+47) 815 00 888

Komfortable ekspressbussar køyrer kvar dag til og frå Sognefjordområdet heile året. Ombord i desse kan du slappe av og nyte utsikta. For meir informasjon, sjå www.ruteinfo.net, Tel. (+47) 57 65 95 12 eller kontakt den lokale turistinformasjonen.

Det er lett å komme til Sognefjorden med bil frå alle kantar av landet, og å køyre ein av dei vakre fjellovergangane som fører til Sognefjorden, er i seg sjølv ei stor oppleving. Vi har sett opp nokre ruteforslag som du kan sjå her: Ruteforslag. For informasjon om vegar og køyreforhold sjå Statens Vegvesen eller ring dei på tel. 175. Informasjon om bomvegen i Fjærland får du her

Moderne veganlegg med ferjer og tunnelar gjer det dessutan lett å ta seg fram med bil i heile Sognefjordområdet. Sjå www.ruteinfo.net for ferjeruter på Sognefjorden.

Widerøe har fleire daglege avgangar frå Oslo og Bergen direkte til Sogndal Lufthamn heile året. Flyturane tek omlag 30 min. frå Bergen og 45 min. frå Oslo. Det finst også fleire andre ruter til og frå Sogndal.
LinkWiderøe

Nyttige lenker: