Fossar ved SognefjordenFleire stader ved Sognefjorden kan du oppleve majestetiske fossar som kastar seg utfor steile fjellsider. Fleire av desse er blant dei høgste fossefalla i Norge. I mai, når snøen smeltar i fjellet, er mange fossar så store at du kan høyre den kraftige duren av dei på lang avstand, og ein varm sommardag er det ei forfriskande oppleving å gå så tett inntil ein foss at du kjenner den kjølige vinden frå fossen og får ein dusj av friskt fjellvatn i ansiktet.
|