Kajakkturar på fjordar og brevatnÅ padle kajakk langs stupbratte fjellsider med store fossefall, eller mellom isfjell på smaragdgrøne brevatn, gjev heilt unike naturopplevingar. Fleire stader ved Sognefjorden er det no mogeleg for folk flest å få oppleve dette. Kajakkselskapa tilbyr spennande guida turar for både nybegynnarar og erfarne kajakkpadlarar. Vil du padle fjorden på eiga hand, kan du også leige kajakkar med utstyr.
|