Fotturar og klatring i fjella kring SognefjordenDei mest kjende fjellturområda rundt Sognefjorden er Jotunheimen Nasjonalpark, Jostedalsbreen Nasjonalpark, Breheimen, Utladalen, Aurlandsdalen og Stølsheimen, men det er mange flotte turar å velje mellom i kvar einaste bygd ved fjorden. Du kan spasere langs fjorden, vandre på kulturstiar og historiske vegar eller gå fjellturar som gjev deg unik utsikt til fjordar, fjell og brear. Fleire stader kan du dessutan vere med på spennande guida fotturar, brevandring og klatreturar. Den Norske Turistforening (DNT) har mange merka ruter og trivelege hytter i fjella rundt fjorden, og Luster er den kommunen i Norge som har flest DNT-hytter. Standarden varierer frå flotte turisthytter med matservering, til enkle sjølvbetjeningshytter. Du kan gå fotturar frå hytte til hytte eller bruke hyttene som utgangspunkt for dagsturar i fjellet. Sognefjorden er eit flott turområde heile året, men Juli, August og September er dei beste månadane for fotturar i høgfjellet. Ver merksam på at vêret uansett skiftar raskare i høgfjellsområda enn i låglandet, og uver og tåke kan komme brått på. Førebu deg difor på alle typar vêrtilhøve når du legg ut på tur, og ta med kart, kompass, regnklede osv. Topografiske turkart (1:50 000 og 1:100 000) får du kjøpt hjå bokhandlarar og dei fleste turistkontor i området. På turistkontora får du også lokal informasjon om spennande fotturar du ikkje bør gå glipp av.
|