Fiske i Sognefjordområdet

Fiske i vatn og elvar ved Sognefjorden  
Ved Sognefjorden finst det fleire hundre gode fiskevatn. Dei fleste vatna ligg i fjella rundt fjorden, og området er difor ideelt for dei som ønskjer å kombinere fisking med fjellturar. Fjellauren du får i desse klare, friske vatna er rekna for å vere ei delikatesse.

Det er også 15 lakseførande elvar ved Sognefjorden, der ein kan fiske etter laks eller sjøaure. Området har lange fisketradisjonar, og lakseelvar som Lærdalselva har hatt høg status heilt frå slutten av 1800-talet. På Norsk Villakssenter får du vite alt om laksen og tradisjonane kring laksefisket.

Fiskekort for dei ulike vatna og elvane får du som regel kjøpt på turistinformasjonar, overnattingsstader, kioskar eller bensinstasjonar. Kontakt dei aktuelle turistkontora for meir informasjon om lokale fiskereglar og sal av fiskekort. 

Fiske i fjorden
Fiske i fjorden er gratis heile året, og om du er heldig kan du få sjøaure, torsk, hyse, kviting eller sei på kroken. Du kan fiske frå brygger, svaberg og strender, eller leige båt og leggje ut på fjorden. Nokre få stader er det også mogeleg å bli med på guida fisketurar. Dei fleste som tilbyr overnatting ved fjorden og vatna, har dessutan båtar til disposisjon for kundane sine.

Fisketurar med guide og andre fisketilbod


Fiske-/jakt informasjon - Lærdal

Fiske-/jakt informasjon - Lærdal, Lærdal

FJORDFISKE: Det er fritt fiske i fjorden.

ELV - LÆRDALSELVI: Lærdalselvi er ikkje open for laks- og sjøaurefiske. Innlandsfiske i øvste del ... Les meir >>>

E-post: info.laerdal@alr.noTelefon: (+47) 57 64 12 07 Stort kart

Fiske- /jaktinformasjon- Aurland

Fiske- /jaktinformasjon- Aurland, Aurland

FJORDFISKE
Fiske i fjorden er fritt.

FISKE I FJELLVATN/ELV
Aurland kommune har eit areal på 1489 km2. Storparten av arealet ligg over 1000 ... Les meir >>>

E-post: info@alr.noTelefon: (+47) 57 63 33 13 Stort kart

Leirdalen Bre Og Juv,Villmarksopplevelser i og ved Jostedalsbreen nasjonalpark

Leirdalen Bre Og Juv,Villmarksopplevelser i og ved Jostedalsbreen nasjonalpark, Luster

Velkomen til Leirdalen Bre og Juv!
Me tilbyr brevandring, juvvandring, fisking
og fjellturar i Sognefjord regionen, mellom
dei to nasjonalpa ... Les meir >>>

WebE-post: post@breogjuv.noTelefon: (+47) 47 02 78 78 Stort kart

Guida fisketurar i brevatn ved Jostedalsbreen nasjonalpark

Guida fisketurar i brevatn ved Jostedalsbreen nasjonalpark, Luster

Bli med på fisketur på brevatnet Tunsbergdalsvatnet, som er omkransa av høge fjelltoppar, og har Jostedalsbreen Nasjonalpark som nærmaste na ... Les meir >>>

WebE-post: post@breogjuv.noTelefon: +47 47 02 78 78 Stort kart